torsdag, juni 15, 2006

Sommarjobb :)

I dag hadde eg opplæring i heimehjelpa heime i Måløy.. Tok en liten tjuvstart på sommar"ferien", reiste fra Sandane i går, og var på opplæring på "korleis vaske hus" i heile dag. (mens resten av klassa mi var på fjelltur.. Noke eg uansett ikkje kunne vore med på, grunna ett stk skada høgrefot... Bading er farlig! )

Det var litt skummelt i byrjinga det her. Eg troppa opp på kontoret kl 8 i dag tidlig, og fekk masse informasjon om taushetsplikt og personvern, hygiene og alt anna eg må vite :) Så fekk eg henge med ei erfaren heimehjelp-dame (som var skikkelig kul) rundt for å vaske litt hos folk. Masse koselige folk rundt om :) Ganske gøy når eg får høyre historier om foreldrene og besteforeldrene mine som eg ikkje visste om :)
- Og eg har fått meg en gitarkamerat i dag, som eg skal spele meir med resten av sommarferien :)

Etter vaskerunda var det utdeling av middagar til folk, og det var fantastisk gøy å sjå kor glade folk blir for middagane sine. Dei stråler opp jo :)

Eg trur dette kan bli en fantastisk kjekk sommar!

Ja til husvask :)

Ingen kommentarer: