
Akkurat.
I dag, er Sandane den vakraste plassen på jord!
Sola skine, det er bare vegar, sjøen glinsar, kort skuledag, og snart is på senterkafeen.
På veg til Nordfjordeid i dag, vel plassert i den o fagre familiebilen til oss i Åsavegen 17 (vår kjære Volvo stasjonsvogn, som egentlig er bare Ole Kristian sin, som vi er så glad i) tok eg meg sjølv i å tenke "åååååå, eg må kjøpe meg solbriller!", eit anna vårtegn var at når eg sat på fergekaia på veg tilbake fra Eid (Etter å ha hatt 3 SMERTEFULLE akupunktur-nåler langt inne i armen i 10 min) var det for varmt til å sitte med genser i bilen.. Så, jammen det, for første gang i år har
Julie kjørt bil i singlet! Rai rai !
Og med Mezzoforte (ja, faktisk) på høgtalarane, som ikkje er familievennlige, vindauget ope, armen ut vinduet og hu og hei for en fager vår-dag!
Det er skikkelig påske-spirit her også, for dei nydelige fjelltoppane er heilt kritt-kvite!! Fagre Vestlandet om våren!
( Og dette skal eg flytte fra... Hmm.. Trur eg må tilbake om våren )
Verden og våren er fin, og eg har fått meg sommarjobb også, og til og med kanskje 2 stk :) Eg skal bli rik, for å så bli fattig igjen i sommar... Betale ned lån og slikt på ymse musikk-ting, og min kjære nyinnkjøpte mac (som forresten heiter Gyver) ... Eg skal presentere Gyver for verden når eg finne ut av korleis han tar imot bilder fra digitalkameraet.. Trur eg må stikke på lærarrommet og snakke fint til en data-lærer :)
Det kjem bilder og ymse, snart!
Ha ein fin mars-dag!
Nei, no trur eg